Adventskalendaren Bjarne til Betlehem
Dette året heiter adventskalendaren på Sund sokn si side på Facebook Bjarne til Betlehem. Gjennom dagane fram til julaftan i desember vil vår tidlegare helgekyrkjetenar i Sund sokn dra frå stad til stad med nettopp ordet sund i seg, heilt til julaftan, då han syng julesalmen med sund i seg. Kvar er han? Kva syng han? Følg med, opne luker og ver med i trekninga om ei stor Betlehemsklokke.
Les meir










