«Det er mange ikring deg som frys.
Ver du eit bål, strål varme ifrå deg.»
Jula blir annleis i år. Vi lever i ei krevjande tid. Kjærleiken vår blir sett på prøve. Når vi treng kvarandre som mest, kan vi ikkje vera i lag. Når vi treng ein klem, må vi greie oss med eit smil gjennom ei glasrute. Den beste måten å vise kjærleik på nå, er å halde avstand.
- Den beste medisin for eit menneske – er eit anna menneske.
Sitatet er frå Jens Meinich, som stifta Raude Kross sin besøksteneste.
To forskarar, Lars Danbolt ved Religionspsykologisk senter ved Sjukehuset Innlandet og Gry Stålsett ved MF- vitskapelege høgskule har sett på korleis pandemien verkar inn på vår mentale helse. Svara dei har fått viser at mange blir isolerte, saknar kontakt og fysisk nærleik. Mange saknar å bli sett og bekrefta i det daglege, og fleire blir nedstemte med dagar prega av sakn, lengsel og ei bekymring for kor lenge dette vil vare.
Ute i verda blir kriser verre under pandemien. I Etiopia flyktar kvar dag 5-6000 menneske over grensa til fattige Sudan, der innbyggarane deler det vesle dei har med flyktningane. Kyrkjas naudhjelp har sett i gang hjelpetiltak i nært samarbeid med FN. Den verdsvide kyrkja er eit godt nettverk for å få fram vatn, helsehjelp og innsats mot kjønnsbasert vald og overgrep.
Berebjelken i kyrkja er nestekjærleiken. Ved å gi, vil du få. Gjennom å vere eit lys for andre, vil du også kjenne glede sjølv. I kyrkja kallar vi dette diakoni. Å ha omsorg for vår neste.
Eg er imponert over innsatsen mange gjer i kyrkja og i ulike lag og foreiningar. Det er utruleg mange som har auge for det å bidra, og slik utgjera ein forskjell. Ja, som slik seier at vi bryr oss.
Søndag går vi inn i adventstida. Advent betyr «Herrens komme», og vi skal vente på Han som kjem. På mange måtar har det dobbel betydning i år, vi er i ei slags varig ventetid. Vi ventar på normale dagar, vi ventar på ei vaksine. Samtidig skal vi prøve å feire advent og jul så vanleg som vi kan få til. Kanskje er det slik at det å ta kontakt med kvarandre, skriva ein mail, senda eit julekort er viktigare enn nokon gong i år.
Lat oss gi kvarandre håp. Håp i ei stemme som ringer for å høyre korleis det står til. Håp i eit digitalt samtalerom der vi kan dele kvardagsgleder og fortellingar om stort og smått. Håp i ei middagsgryte og nybakte brød til nokon du vil glede. Håp i ein pengesum til organisasjonar som Kyrkjas naudhjelp. Håp i å vise at vi bryr oss om kvarandre.
Halldis Moren Vesaas seier det så fint:
«Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
At du er varm!»
Lat ventetida bli ei tid for håp.