Praktfull bok om unike Grindheim kyrkje

Den som går inn i Grindheim kyrkje i Vest-Agder vil oppleve ein visuell lovsang til skaparverket og ei forkynning av evangeliet med bilete. Fredag 6. juli vart boka om det unike interiøret i Grindheim kyrkje lansert.

Kyrkjeverje Ingunn Birkeland med den nye boka om Grindheim kyrkje. Til venstre leiar i soknerådet, Vigdis Finseth. Foto: Dag A. Kvarstein

Kyrkeverje Ingunn Birkeland og soknerådsleiar Vigdis Finseth kunne stolt vise fram den nye praktboka for forsamlinga i det vakre kyrkjerommet.  Grindheim kyrkje med sitt gjennomdekorerte interiør og boka i seg sjølv er kunstskattar som verkeleg var verdt ei høgtidssam markering. Sidan 1783 har den kvitmala og krossforma  kyrkja vore midtpunktet i bygda Byremo i Audnedal.

Den lokale og namngjetne malaren og dekoratøren Tore A. Risøyne frå Fjotland var meisteren bak dei overdådige rosemaleria og bileta i kyrkja. Dette arbeidet gjorde han og sveinane hans i 1791, og dei gjorde det grundig. Nær sagt alle flater utanom golvet er dekorerte. I taket er det  fleire bibelske motiv, og på veggar og benkedører er det rosemåleri, akantusrankar, tulipanar og andre former – tydeleg inspirert av barokkens ideal.

"Dei gamle krøllan" overmalt
Men som så mange andre stader vart bileta og dekorasjonane etter ei tid malt over. Haldninga til fargar og figurar endra seg utover på 1800-talet etter kvart som lekmannsrørsla og pietismen bredde om seg. I to etappar i siste halvdel av 1800-talet vart alt mala over med vanleg veggmaling. Verken skapinga eller Jesu siste måltid med læresveinane skulle få tale til kyrkjelyden frå takmaleria, kun Bibelens og prestens ord.

Då ein restaureringskonsulent frå Riksantikvaren var innom Grindheim kyrkje i 1919, reagerte han på dette og skreiv følgjande i eit notat: «Det er en enestående råhet man har tillat sig ovenfor det staselige kirkerum, da det stod med alle sine farver og dekorationer.»

Resultatet var at det også vaks fram eit lokalt engasjement for å få fram att dekorasjonane, eller «dei gamle krøllan» som nokon uttrykte det i bygda. I 1941 var kyrkjerommet restaurert til sin gamle prakt.

Appellerer til unge og gamle
Boka som no er gjeve ut er førd i pennen av Frans-Arne Stylegard, tidlegare fylkeskonservator i Vest-Agder. Dei flotte og detaljerte fotografia er tekne av Anne Rakel Haaland, ein lokal fotograf. Frå Agder og Telemark bispedømekontor har kulturrådgjevar Tone Klev Furnes vore konsulent. Då boka vart lansert var det stort oppmøte frå engasjerte bygdefolk trass i at arrangementet var halde midt i ferietida. I tillegg kom det helsingar frå ordføraren, Audnedal historielag, bispedømekontoret og tidlegare sokneprest Olav Lehne. 

Kyrkjeverje Ingunn Birkeland sa at utgangspunktet for boka var eit ønskje om å sjå på historia med nye auge. Boka er laga slik at ho skal appellere til både unge og gamle. Maleria frå bibelhistoria er til dømes både talande, fargeglade og morosame.

-Boka skal vere ei grundig innføring i den kunstnariske utsmykkinga og samstundes marknadsføre kyrkja vår som ein stad det er verdt å sjå. Boka og kyrkja vil òg vere pedagogiske ressursar for skulane, poengterte kyrkjeverje Ingunn Birkeland.

Meir informasjon om boka her.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"