Grunna mykje snø på forsommaren vart det ikkje pilegrimsvandring frå Seljord til Røldal i år, og heller ikkje vandring frå Hovden til Røldal. Men likevel har det kome pilegrimsgrupper frå Vest-Telemark til Røldal også i år. Prostidiakon i Øvre-Telemark Eileiv Erikstein har arrangert 4 pilegrimsvandringar for ulike grupper.
- Det er noko med det å gå som gjer ein godt på ulike måtar, seier Erikstein. Målet er alltid det same- kvart einaste år, stavkyrkja og krusifikset i Røldal.
Her er ein oversikt over vandringane som no er gjennomførte:
Å vandre med håp, er ei fem dagars vandring frå Grunge kyrkje til den gamle kyrkja i Røldal. Arrangert sidan 2008. Dette er eit breitt samarbeid mellom kyrkja og psykiatritenesta i dei seks Vest-Telemark kommunane, DPS i Seljord og arbeidsmarknadbedrifta KVITO. Siste dagen var med blitt til seksti stykk som gjekk tre runder rundt Røldal kyrkje.
Vandring for forandring. Pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord . Her gjekk ein frå Haukeliseter til Røldal lang vegen over Dyrskar. Vart arrangert for fjerde gong i år. Dette er ei samarbeid mellom LEVE ( Landsforeningen for etterlatte etter selvmord) og RVTS Sør og kyrkja. Her var det åtte deltakarar.
Vandring mot fridom: Pilegrimstur for innsette ved Skogsleiren i Fyresdal. To dagars vandring. Fem innsette og ein fengselsbetjent. Overnatting i lavo på Haukelifjell.
Vandring for ny meistring er eit samarbeid mellom Øvre Telemark Familievernkontor og Prostidiakonen. Vandringa var avslutninga for Sinnemeistringskursa på Notodden og Bø. Fem deltakarar var med.