Møte med "den andre" i Vinje

Tradisjonar er viktig i Vinje. Sidan 2004 har kyrkje og kommune arrangert eit årleg Verdiseminar. I år var temaet "den andre" eller "den are" som det heiter på vinjemål.

Foto: Eilev Erikstein

Tema har vore vidfemnande, men det har vore eit mål å lyfte fram saker som ikkje andre tek opp. Sære seminar vil nokon kalle det.  Men legg ein saman alle som har vore innom desse åra, er ein nær 900 deltakarar. Men difor  også viktige. I fjor handla det om framtida til Folkekyrkja.

 Førti menneske hadde sett av laurdagsføremiddagen  på Vinjehuset for å høyre tankar og ord om tema.

Ann- Magritt Austenå frå NOAS gav fyrst eit overblikk over norsk asylpolitikk dei seinare år. Hå sa at det har vore mange svingar i den politikken.

Tone S. Garnes kulturarbeidar og tidlegare flyktningkonsulent, delte  røynsler frå den tida Vinje tok imot sine fyste flyktningar.

- Det handla om å sette dei rette folka i kontakt med kvarandre, reflekterte ho.

Dei nye prestane i Tokke og Vinje, Tor Eivind Erikstein og Bjørn Nome, delte sine sin tankar om dialogarbeid frå Brussel og Groruddalen. 

-Me er alle papirlause menneske som treng å bli møtt som nokon, som eit subjekt, sa den tidlegare sjømannspresten Bjørn Nome.

Tor Eivind Erikstein oppmoda alle til å våge å være med i ordskiftet, òg om det er vanskeleg. Slik  kan ein  også møte den andre, sa soknepresten i Tokke og Vinje.

Avslutninga stod diakon i Sauherad Ivar Solbu for. Han gav gode døme på møter med "den are" gjennom si 40-årige teneste som diakon.

Som vanleg var det Vinje-ordføraren som opna seminaret.

 -Dette seminaret er noko eg gler meg til heile året. Det er vorte ein viktig møteplass i Vinje, sa ordførar Jon Rikard Kleven.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"