Om norske verdiar i Vinje

Tradisjonar er viktige i Vinje. Sidan 2004 har kyrkje og kommune arrangert eit årleg Verdiseminar. Tema har vore vidt femnande, og det har vore eit mål å lyfte fram saker som ikkje andre tek opp.

Katolsk prest Haavar Simon Nilsen , opprinnelig frå Tokke, var ein av dei som snakka om verdiar på Vinjeseminaret 2017.

I fjor handla det om korleis vi kan møte Den Andre. I år var  tema «Norske verdiar, kva er det ? Fins dei ?»

Femti menneske hadde sett av  sundagen på Vinjehuset for å delta på det 14. Verdiseminaret. Det var stor spennvidde i innleiarane . Ein prost og  ein pater, ein muslim frå Vinje og Somaliland og i tillegg ein leiar i Mellomkyrkjeleg råd. Innimellom det heile lyfta Sondre Bratland fram den fellesverdi som ligg i songen.

Når diakoni er fellesskap, noko dei store kyrkjesamfunna er saman om, passa det bra å starte  dagen med Diakonimesse for Vinje og Tokke. Her held  Dominikanarpater Haavar Simon Nilsen preika. Pateren vaks på Åmdals Verk i Tokke , og kjende turen til Vest- Telemark som å koma heim. 

Teksten han tala ut frå handla om læresveinane som hadde forlate alt. Dei spurte seg: « kva  får vi att?». Ord som passar godt til ein munk som ikkje eig anna enn drakta han står og går i, og elles deler alt med sine brør.

Etter gudstenesta snakka prosten i Øvre Telemark Asgeir Sele om «korleis verdiar klyngar seg saman og blir fellesverdiar.» Så må  kvar og ein av oss finne ut kva slags verdiar me har i botn av livet, sa prosten. 

Kultur – og idrottskonsulent frå, Tokke Hassan M. Samahale, var oppteken av at det er meir som er likt mellom oss menneske enn det som skil.

Dominikanar  Haavar Simon Nilsen hadde fått temaet «Vår felleskyrkjelege arv som fundament  for norske verdiar.»

 - Det ligg ein fare i at kristne tek ein offerrolle i eit pluralistisk samfunn. Det høver seg ikkje for nokon som trur på den oppstadne Kristus, sa han.

 Leiar i Mellomkyrkjeleg råd,  Berit Hagen Agøy, spurde om innvandringa trugar våre norske verdiar? Nei, meinte ho.
- Dei fleste kjem frå land med kristen kultur. Vår frykt handlar ofte om muslimar. Det viktige er korleis vi tek vare på dei som kjem. Det er utanforskapet som skapar problem.  Vi må gi menneske arbeid, og inkludere dei. understreka ho.

 -Desse Verdiseminara er me i kommunen glade for å vera med på, sa varaordførar i Vinje Øystein Høgetveit som opna seminaret.

 Av Eilev Erikstein

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"