Årsforteljing for Møre bispedømme 2023
Årsforteljinga har tidlegare år vore kjend som årsrapport. Årsforteljinga er utarbeida av ei redaksjonsgruppe i administrasjonen. Det er ikkje lengre eit krav frå Kyrkjerådet om årsrapport frå bispedømma på same vis som tidlegare. Ein står no friare til korleis ein vel å utforme eit slikt dokument.
Møre bispedømmeråd har nytta høvet til å utarbeide ei oppsummering av arbeidet sitt i 2023, i form av ei årsforteljing. Konkrete tal og enkle forteljingar har vore viktige å få fram, for å kunne vise kva Den norske kyrkja i Møre betyr som samfunnsaktør. Det vil syne at folkekyrkja framleis står sterkt i fylket. Årsforteljinga skal femne bispedømmet sin aktivitet på ein kortfatta, lettleseleg og lett tilgjengeleg måte.
I statistikkvedlegget finn ein relevant statistikk om kyrkjelege handlingar og gudstenesteliv, kunst og kultur, sosiale media, trusopplæring, diakoni og frivilligheit. Statistikkgrunnlaget er hovudsakleg henta frå Kyrkja i tal og Kyrkjerådet sin indikatorrapport, som igjen er basert på kyrkjelydane sin årsstatistikk, medlemsregisteret, planverktøy for trusopplæring og frå SSB.