Økumenisk gudsteneste i Ålesund kyrkje

Økumenisk gudsteneste i Ålesund kyrkje, laurdag 7. mai kl. 18.30.

Bilete: Ålesund kyrkje

I samband med den internasjonale konferansen GLOBAL SUSTAINABILITY, SCIENCE AND RELIGION IN DIALOGUE (ESSSAT 2022), i år lokalisert til Ålesund, er det open økumenisk gudsteneste i Ålesund kyrkje laurdag 7. mai kl. 18.30.  

Konferansen har blitt arrangert i mange år og deltakarar frå fleire land kjem saman. Lokal arrangør er Høgskulen i Volda, NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde.

Dette året deltar også bispekollegiet i Svenska kyrkan. Kvart år blir konferansen avslutta med økumenisk gudsteneste.

Biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, leiar gudstenesta, saman med erkebiskop Antje Jackelén frå Svenska kyrkja og Michael Fuller frå Church of Scotland. Organist er Oddgeir Nossen. Gudsteneste blir forretta på engelsk.

Det er grunn til merksemd når Det Europeiske forskingsfellesskapet for naturvitskap og teologi (ESSSAT) legg sin internasjonale forskingskonferanse til Ålesund 4. til 8. mai.

Med tittelen «Global Sustainability - Science and Religion in Dialogue» stiller om lag 140 av verda sine fremste forskarar på feltet spørsmålet om kva rolle verdiar har i arbeidet med berekraft, og korleis tilhøvet mellom naturvitskap og religion kan bidra til ei global berekraftig utvikling.

Lenke til konferanse: https://www.hivolda.no/ecstxix

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"