"Voices of Lament, Hope, and Courage - A Week of Prayer in the Time of the COVID-19 Pandemic".
Bøna gjev ord til både klagesong, håp og trøyst - og byggjer fellesskap mellom kristne i alle land - midt i ein pandemi som rammar heile verda og alle kyrkjer. Vår oppgåve og utfordring som kristne er både å gje ord til sorga og fortvilinga, og samtidig peike på håpet som finst.
Gjennom den globale bøneveka har kyrkjer over heile verda vore i forbøn for den globale pandemisituasjonen. Trussøsken over heile verda er oppmoda om å be for lidande menneske og samfunn, for verdsleiarar, for helsearbeidarar, for ei rettferdig fordeling av vaksiner, og særleg for born og andre sårbare.
På Bøneveggen til Den norske kyrkja kan du tenne eit lys og skrive ei bøn
"Voices of Lament, Hope, and Courage - A Week of Prayer in the Time of the COVID-19 Pandemic"