Bibelen på teater

Teater og bibel var tema i Rauma kulturhus måndag 18. februar. Biskop Ingeborg Midttømme, skodespelar Svein Tindberg og tidlegare teatersjef ved Det Norske teateret, Vidar Sandem, var invitert til å dele tankar rundt tvil og tru, og kva det er med bibeltekstar som gjer at dei fungerer så godt på teaterscena.

Frå v. tidlegare teatersjef ved Det Norske teateret, Vidar Sandem; Biskop Ingeborg Midttømme og skodespelar Svein Tindberg delte tankar rundt tvil og tru og kva det er med bibeltekstar som gjer at dei fungerer så godt på teaterscena.

Svein Tindberg er mest kjent for monologteater med tekster frå Bibelen.  «Markusevangeliet» blei sett av 75 000. Også dei andre framsyningane, «Apostlenes gjerninger» og «Abrahams barn» nådde høge publikumstal, og Tindberg mottok fleire prestisjefylte teaterprisar for framsyningane. På arrangementet i Rauma kulturhus fekk dei frammøtte oppleve utdrag frå «Markusevangeliet» og «Abrahams barn». Tindberg fortalte også levande om korleis han og regissør Kjetil Bang-Hansen arbeidde for å skape framsyningane, og om utfordringane med å gjere tekstane levande for publikum. Biskop Ingeborg fortalde at ho sjølv såg «Markusevangeliet» to gonger på Det Norske Teatret for nærare 25 år sidan. -  Eg kom på teateret to gonger, fordi det var ei så utroleg sterk oppleving. Eg kjente jo forteljingane, og så levandegjorde Tindberg dei på ein slik måte at eg blei heilt satt ut - tårane trilla, fortalte Midttømme. Ho har tenkt på teateret mange gonger sidan:

– Det utfordrar jo meg, når eg skal lese bibeltekstene. Eg skulle ønske at eg kunne bruke heile kroppsspråket, og sei noko om denne teksten og våge å gå inn i dialogen. Men det er akkurat som ikkje kyrkjerommet inviterer til det. Tindberg fortalte at det er ein viktig grunn til at dei ikkje ønskjer å bruke kyrkjer til desse framsyningane. – Det vi oppnådde var at ein del menneske som aldri ville sett sine bein i ei kyrkje, høyrde «Markusevangeliet», og ein del menneske som aldri ville sett sine bein i eit teater, gjekk fordi det var deira forteljing.  For meg er det ein seier for teateret, når det kan være møteplass mellom ulike menneske. Tindberg fortalte at det ikkje har vore hans intensjon å misjonere. - Eg trur på desse tekstene, og eg meiner det er viktig at folk kjenner dei, men det er ikkje viktig for meg kva andre trur, sa Tindberg. 

Biskopen fortalte at når kyrkja framfører desse tekstene, så er det ei anna målsetjing: - Kyrkja har som mål at dette skal røre menneske til tru, og det skal styrkje menneske i deira tru. Vi må også våge å møte undringa og stille spørsmåla, men vi har ikkje den same mulegheita til å la tekstene leve sitt eige liv, sa ho. Tindberg fortalde at han ofte er blitt brukt som eit slags bevis mot kyrkja. - Det er berre tull. Vi er på ein måte «to tjuvar på samme marknad», sa Tindberg til latter frå salen. – Det skulle berre mangle at ikkje eg er betre på å lese tekster enn ein prest. For heile mi utdanning og erfaring handlar om å framføre tekstar. Men teologar har jo mykje kunnskap eg aldri har mulegheit til å tileigne meg. Og sånn skal det være, sa han. 

Men eit råd har han: – Av og til kunne kanskje kyrkja være like modig som teateret når det gjeld å stole på teksten. For tekstene er gode! – Dersom vi er einige om at bibeltekstane er viktig å halde i live, og vi samstundes veit at det er færre og færre som kjenner dei – ja da fortel vi dei feil, sa Tinberg. Biskop Midttømme meinte at det er ei myte at færre høyrer tekstene, og viste til at i 2017 var det 5, 5 millionar menneske på gudstenester rundt om i landet. - Men mange kjenner dei kanskje ikkje godt nok til å kunne fortelje dei. Det håpar eg vi kan skape litt nysgjerrigheit for dette året som er bokas år, sa ho.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"