Les alle sakene til bispedømerådsmøtet måndag 9. desember
Mellom andre saker som rådet skal behandle er rekruttering til kyrkjelege stillingar, nye beredskapsområde og enøk-prosjekt. Rådet skal også røyste over ny preses i bispemøtet.
Møtet måndag 9. desember blir halde i Møre bispedømeråd sine lokale i Molde. Møtet er ope for alle.
Den komplette saklista til bispedømerådsmøtet 9. desember:
57/19 Møteinnkalling Møre bispedømeråd 09.12.2019 - Godkjenning av protokoll
58/19 Møte protokoll 27.09.2019
59/19 Tilsetting av prost i Ytre Nordre prosti - unntatt offentlighet
60/19 Tilsetting av sokneprest i Indre Romsdal prosti - unntatt offentlighet
61/19 Ny preses i Bispemøtet – stemmegivning
62/19 Rekneskapsrapport oktober og november 2019
63/19 Møre bispedøme - budsjett 2020
64/19 Betaling vigsel og gravferd for ikkje-medlemmer av Den norske kyrkja og for medlemmer som bur utanfor tenestedistrikt
65/19 Enøk-prosjektet: Prosjektrapport og søknad om midler til fullføring av posjektet
66/19 Årsplan 2020
67/19 Rekruttering til kyrkjelege stillingar
68/19 Nye beredskapsområde
69/19 Møre bispedøme - Kyrkje 2030 - Møte mellom bispedømeråd og prostar i Møre bispedøme
Les alle sakene til bispedømerådsmøtet måndag 9. desember
Møtet måndag 9. desember er det siste møtet for bispedømerådet 2016 - 2020. Rett etter møtet vil det nye bispedømerådet 2020 - 2024 bli konstituert i eige møte. Sju av medlemene i rådet vil vere dei same som i inneverande periode, medan tre er nye. Det nye rådet vil ha medlemer frå tre vallister; Nominasjonskomiteens liste, Åpen folkekirke samt Bønnelista. I tillegg sit valde tilsetterepresentantar samt biskopen i rådet.