Per Eilert Orten har blitt pensjonist etter heile 37 års presteteneste i Aure. Dette vart markert 29.05 med avskjedsgudsteneste i Aure kyrkje og stor markering i etterkant.
Sundag 29.mai var det avskjedsgudsteneste for sokneprest Per Eilert Orten i Aure. Orten har vore prest i kyrkjelydane Aure, Stemshaug og seinare Tustna i 37 år. Det blei ei verdig og høgtideleg gudsteneste for Orten, som i over ein generasjon har vore sokneprest i Aure.
"– Jeg har hatt en stor, givende og viktig jobb som sokneprest i Aure. Den har gitt meg så mange positive og fine opplevelser. Folk som jeg har møtt på forskjellige arenaer har gitt meg så uendelig mye", sa Orten til Tidens Krav etter at gudstenesta var over.
Til stades under gudstenesta var ordførar og kommunedirektør, kollegaer frå prostiet, og fleire hundre deltakarar. Etter gudstenesta var det stor kyrkjekaffi på Bergtun Grendahus, og det var mange som ville kome med helsingar til pensjonisten. Orten har også vore prestane sin representant i bispedømerådet i fleire periodar.
Møre bispedøme er takksam for den store tenesta Orten har gjort for kyrkja i Møre. Vi ønskjer lykke til som pensjonist i Aure!
Kollegaer tar farvel: Erik Blomstrøm (øvst frå venstre), Lars-Ove Skaret, Gerd Aarset (nedst frå venstre), Per Eilert Orten og prost Sindre Stabell Kulø. Bilete: Tormod Sikkeland