I Norsk Salmebok 2013 ss. 1240-1242 kan ein lese bøner for veka på bokmål – men ikkje på nynorsk. No ligg det føre framlegg til ein nynorsk versjon, omsett av Per Halse.
Biskop Ingeborg Midttømme er denne veka på visitas i Ørsta, og under ei samling for frivillige liturgar kom spørsmålet om liturgiske ressursar på nynorsk opp.
Ei av oppmodingane frå biskopen var å få ein nynorsk versjon av bønene for kvar dag i veka. Per Halse tok oppmodinga på strak arm, og har laga eit framlegg til slike bøner (sjå vedlegg).
Halse tek gjerne imot framlegg til forbetringar av tekstane.