Vekstmidlane er ei tilskotsordning finansiert av bispedømet sine interne avsetningar, hovudsakeleg finansiert av unytta tilskotsmidlar til undervisning, diakoni og trusopplæring.
Ekstraordinære utgifter, mellom anna knytt til pensjons- og lønskostnadar, gjer at Den norske kyrkja og Møre bispedømeråd lyt gjere budsjettmessige endringar for 2024.
Dette får dessverre også konskvensar for vekstmiddelordninga i Møre bispedøme:
Møre bispedømmeråd har ikkje høve til å dele ut vekstmidlar for 2024. Dette med bakgrunn i vedtak som vart gjort på Kyrkjerådet sitt møte 23.05. 2024.
Dei økonomiske utfordringane Den norske kyrkja er komen i, blei kjent etter at Møre bispedømmeråd hadde lyst ut Vekstmiddelordninga for 2024.
Vi seier oss leie for dette.