Foreslår fire prosti i Møre

Stiftsdirektøren i Møre bispedøme foreslår at det frå 01.01.2020 blir oppretta fire prosti i bispedømet, mot dagens sju. Bispedømerådet skal ta stilling til saka under sitt møte måndag 3. juni.

Stiftsdirektøren foreslår at det frå 01.01.2020 blir fire prosti i Møre bispedøme, mot dagens sju. Endringa inneber at Nordmøre blir eitt prosti, Romsdal eitt prosti, medan Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre blir kvar sine prosti.

Sjå alle sakene til bispedømerådsmøtet måndag 3. juni 2019

Bakgrunnen for framlegget om endringar er at prostigrensene bør følgje kommunegrensene, som no er under endring. Framtidige endringar i kommunegrenser kan få konsekvensar for prostigrenser også i tida framover. Det blir også vist til at det enkelte prosti bør ha ein storleik som gjer at det er mogeleg å gi tilstrekkeleg tilgang til presteressursar ved ferie, permisjonar og vakansar, og at prostiet bør vere ei god ramme for leiing og gode tenestevilkår for å utøve presteteneste.

Det har vore ein brei høyringsrunde på framlegget. Høyringssvara ligg som vedlegg i saksframlegget.

Bildet: Karta overt viser dagens kommunestruktur og dagens prostigrenser. No foreslår stiftsdirektøren å endre prostia i bispedømet til fire. 

Bispedømerådsmøtet startar måndag 3. juni kl. 10.00 og blir halde på Møre bispedømeråd sitt kontor i Molde. Møtet er ope for alle. Ved sida av saka om bispedømegrenser skal bispedømerådet behandle fleire tilsettingssaker.

Sjå alle sakene til bispedømerådsmøtet måndag 3. juni 2019

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"