Hjelp til trus- og livssynspraksis

Det nystarta Samarbeidsrådet for Tros- og livssynssamfunn Møre og Romsdal vil tilrå heftet "Ord til trøst". Det er ein ressurs for alle som arbeider som tenesteytarar og som møter menneske med ulik tru eller livssyn i arbeidet sitt.

Hjelp til trus- og livssynspraksis

Norge er eit fleirkulturelt samfunn der mange religionar og livssyn har sin plass. Tru og livssyn er ein viktig del av livet til mange menneske. Når helsa sviktar, eller når ein er sårbar på andre måtar, er ein avhengig av hjelp frå andre. Dei som arbeider som tenesteytarar på ulike felt, har eit ansvar for at alle menneske skal få høve til å praktisere den trua eller det livssynet som tenestemottakaren har. 

I «Ord til trøst» presenterer seks ulike tros- og livssynssamfunn nokre av dei viktigaste tekstane sine. Tekstane kan tenesteytarar eller andre lese for og med tenestemottakarane når det er nødvendig. Det kan t.d. vere sjuke eller døyande på helseinstitusjon som ikkje sjølv er i stand til å lese, men som ønskjer å høyre noko frå den religionen eller livssynet ein har bakgrunn frå. 

Heftet kan lastast gratis ned ved å trykke på lenka nedst på denne sida.

Heftet kan bestillast i trykt utgåve ved å sende epost til borg.bdr@kirken.no

Heftet er redigert av Borg biskop, i samarbeid med Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn Møre og Romsdal vedtok på stiftingsmøtet i Ålesund moske 12. mars å dele informasjon om dette heftet. Desse sit i styret i det nye dialogforumet: 

Geir Sakseid, styreleiar (Møre bispedømeråd)

Harald Abdul Rehman Solar, nestleiar (Møre og Romsdal Islamske Dialognettverk - MRID)

Gunnhild Barstad Løvold, sekretær (diakon i Ålesund, Den norske kyrkja)

Kari Svisdal, kasserar (Human-Etisk Forbund)

Varamedlemer er Josef Benchi (MRID) og Inger Slinning (HEF). 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"