Kandidatane til Møre bispedømeråd 2019 - 2023

Du er med på å bestemme kven som skal sitte i Møre bispedømeråd og Kyrkjemøtet, Den norske kyrkja sitt «storting», i perioden 2019 – 2023. I valet til nytt bispedømeråd er det i Møre bispedøme tre lister å velje mellom. Sjå kandidatane her.

Kandidatane til Møre bispedømeråd 2019 - 2023

Kandidatpresentasjon Møre bispedømeråd 2019 - 2023

Møre bispedømeråd blir valt for fire år. Medlemene i rådet representerer også Møre i det årlege Kyrkjemøtet. 

Her finn du ein kort presentasjon av alle kandidatane som stiller til val til Møre bispedømeråd.

Meir utdjupande informasjon finn du på kyrkjevalet.no.

Informasjon om kva kandidatane og listene står for og meiner om ulike saker, presenterer dei sjølve på eigne nettsider. 

 

Kven kan stemme?

Medlemer av Den norske kyrkja har stemmerett frå det året dei fyller 15 år. Du må vere døypt for å vere medlem i Den norske kyrkja. Nesten 3,1 millionar menneske har stemmerett ved Kyrkjevalet i 2019.

 

Når og kvar er det val?

Kyrkjevalet blir halde 8. og 9. september 2019, samtidig med kommunestyre-/fylkestingsvalet. Kyrkjevalet finn stad i eit lokale nær det offentlege valet. Du kan også stemme på førehand frå 10. august. Alle med stemmerett får i august eit valkort i posten med informasjon om kvar og når dei kan stemme.

 

Kven kan du stemme på?

Du stemmer på kandidatar til soknerådet og til bispedømerådet/Kyrkjemøtet. Kandidatane blir valde for ein periode på fire år. Ved val til sokneråd er det dei fleste stader berre ei valliste. I valet til nytt bispedømeråd er det i Møre bispedøme tre lister å velje mellom.

 

Kva gjer kyrkjemøtet?

Kyrkjemøtet er «kyrkja sitt storting», og det øvste organet i Den norske kyrkja. Her blir alle bispedømeråd samla i ei veke kvart år. Kyrkjemøtet bestemmer ordningar og liturgiar, og i den komande perioden vil det bli viktige saker om kyrkja si organisering.

 

Kva gjer bispedømerådet?

Bispedømerådet er det regionale styringsorganet i kyrkja. Rådet tilset prestar og er arbeidsgjevar for desse og enkelte andre. Det arbeider for samordning av det kyrkjelege arbeidet i dei mange kyrkjelydane i bispedømet. Medlemene i bispedømeråda utgjer samla Kyrkjemøtet.

 

Kva gjer soknerådet?

Arbeidet til soknerådet spenner over mange tema. Det kan vere barne-og ungdomsarbeid, juss og økonomiforvaltning, tilsetjingar, gudstenester, miljø og rettferd, omsorg, musikk og misjon. Råda skal sørgje for vekst og næring til kyrkja og lokalsamfunnet der du bur.

Kandidatpresentasjon Møre bispedømeråd 2019 - 2023

 

 

For nærare informasjon om Kyrkjevalet 2019: 

Ved spørsmål om bispedømerådsvalet: Kontakt bispedømerådskontoret  71 25 06 70

Ved spørsmål om val til sokneråd: Kontakt Kyrkjerådet, telefon: 23 08 12 00

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"