Knøttlite sokn med rekordstort kyrkje-engasjement

44 prosent av dei omkring 70 røysteføre i Øverdalen sokn øvst i Romsdalen deltok under kyrkjevalet 2019. Bak det rekordhøge talet ligg eit sterkt engasjement for den lokale kyrkja og eit vitalt, men sårbart lokalsamfunn. No blir nye soknerådsmedlemmer over heile bispedømet kursa i kyrkjedemokrati.

– Vi vil støtte opp om bygda vår, og der har kyrkja ei viktig rolle, seier dei fire nye soknerådsmedlemene i Øverdalen sokneråd. Frå v: Marit Elise Brudeli, Bjørnar Einang, Marit Kvam og Bente Alnæs. (foto: Svein Magne Harnes)

– Vi vil støtte opp om bygda vår, og der har kyrkja ei viktig rolle, seier dei fire nye soknerådsmedlemene i Øverdalen sokneråd; Marit Elise Brudeli, Bjørnar Einang, Marit Kvam og Bente Alnæs. – Vi var det første soknet i Rauma som greidde å fylle opp vallistene våre til kyrkjevalet, og dét seier noko om dugnadsvilje og pågangsmot. Vi er eit sårbart lite lokalsamfunn, med mange eldre innbyggjarar. I det siste har vi greidd å rekruttere nye unge tilflyttarar, og tre nyfødde er komne til. Dét er vi kjempeglade for.

Sist vinter vart det halde soknemøte i Øverdalen, for å drøfte om det framleis er liv laga å halde fram som eige sokn. Svaret den gong var ja, og bygdefolket tek denne utfordringa:

– I det vesle samfunnet vårt hegnar vi om kyrkja vår, vil ikkje miste den som ei open og levande brukskyrkje. Då er det viktig at nye generasjonar kjem inn og er aktive i kyrkja, seier dei nye soknerådsmedlemene.

Prosten og kyrkjeverja i Rauma stadfester at det er ei sterk bevisstheit rundt verdien av eiga kyrkja i den vesle bygda øvst i Romsdalen.

 

Kyrkjedemokrati i praksis

Dei fire representantane for Øverdalen sokn deltok under opplæringa for nye sokneråd, som Møre bispedøme gjennomfører i november. Til saman 600 folkevalde representantar frå dei ulike sokna og prostia i Møre bispedøme deltek under dei seks kursa, som er lagt til Volda, Ålesund, Åndalsnes, Molde, Kristiansund og Tingvoll. I løpet av kurskveldane får dei ein introduksjon til visjonar, oppgåver og utfordringar knytte til arbeid i kyrkja i Møre, og dei blir inspirerte og utfordra på lokale satsingsområde.

Kurset er innleiinga til ein fireårs-periode som ombodsmenn og -kvinner i den lokale kyrkja, der dei valde representantane skal utføre kyrkjedemokrati i praksis. 

BILDET: Stort engasjement då nyvalde soknerådsmedlemer i sokna under Indre Romsdal prosti kom saman til kurskveld på Åndalsnes. Til saman deltek 600 folkevalde kyrkjelege representantar på slike samlingar over heile bispedømet no i november. 

   

    BILDET: ´Drøym din kyrkjelyd´ var eitt av punkta som nye soknerådsmedlemmer vart utfordra på. 

 
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"