Kulisteinseminar og konsert med Moddi

20. september inviteres det inn til kulturseminar og konsert med Moddi på Rosvoll prestegard på Smøla.

Både biskop Midttømme og artisten Moddi blir å finne på Rosvoll prestegard på Smøla 20. september.

Biskop Ingeborg Midttømme, artisten Moddi, religionshistorikar Øystein Morten og Riksarkivet er mellom bidragsytarane på seminaret på Rosvoll prestegard på Smøla. 

I verdiåret 2024 markerer vi at det er tusen år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster, og 750 år sidan Magnus Lagabøte forma vår landslov, som blei den første riksdekkande lova i Europa. Kulisteinen er omtalt som Noregs dåpsattest, er eit av dei viktigaste nasjonale dokumenta våre og høyrer til dei eldste og viktigaste røtene for kristen tru i Noreg.

Innføring av kristenretten og utforming av landslova er historiske hendingar som har endra Noreg. Det har hatt konsekvensar for våre verdiar og menneskesyn, demokrati og rettssystem. Med dette som bakteppe og ramme inviterer Møre bispedømme, Nordmørsmusea, Festspillene i Kristiansund og Smøla kommune til Kulisteinseminar.

Kva for verdiar har vi som menneske og Noreg som samfunn i dag, og korleis ser vi at desse vil utvikle seg i tidene som kjem? Kan feiring av fortid være med å forme vår framtid? Vi ønsker velkommen til tankevekkande foredrag og paneldebatt på vakre Rosvoll prestegard på Smøla.

Seminaret blir ledet av museumsdirektør Eigunn Stav Sætre og prost Sindre Kuløy.

Det er avgrensa tall plasser på Rossvoll prestegard, så vær ute i god tid med påmelding.

Bindande påmelding til seminaret HER

Deltakaravgift kr. 250,- (inkl. lunsj og ettermiddagsmat mellom seminar og konsert).

Etter seminaret inviterer vi saman med Smøla kyrkjelege fellesråd til konsert med Moddi i gamle Edøy kyrke kl. 18.00. I mai i år ga Moddi ut eit nytt album med tittelen «Vandreviser», ei musikalsk dagbok frå halvannan månads reise langs ukjende stiar. «Vandreviser» skreiv Moddi i stillheit og einsemd som pilegrim frå Oslo til Trondheim sommaren 2021.

Billettar til konserten med Moddi i gamle Edøy kyrkje kan kjøpast HER

 

Kulisteinen
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"