Kyrkja som landsdekkande samfunnsaktør har ei viktig rolle når lokalsamfunn skal ta imot menneske i naud. Krigen i Ukraina driv mange menneske på flukt. Det har kome fleire tusen asylsøkjarar, og det er framleis venta ei auke i ankomstar.
Den norske kyrkja har publisert relevant materiell i Ressursbanken, som alle kyrkjelydar kan nytte seg av. Her finn du forslag til kyrkjelege aktivitetar, informasjon frå myndigheitene, spørsmål og svar, tips til planlegging og kommunikasjon, og fleire nyttige lenkar.
Her vil også liturgien til gudstenesta oversatt til ukrainsk bli lagt ut.
Lenke til Ressursbanken og kyrkja i møte med krigen i Ukraina
KA har mykje tips og råd om korleis kyrkja kan bidra til integreringa av ukrainske flyktningar
Norges Kristne Råd har også ei ressursside for fellesskap og støtte til flyktninger fra Ukraina: https://norgeskristnerad.no/ukraina/