Kystpilegrim i sommar?

Har du tenkt deg på tur i sommar? I denne artikkelen kan du lese om Kystpilegrimsleia, og finne informasjon om nøkkelstadane langs kysten i Møre og Romsdal. Frå Sunnmøre kan du også kombinere kystpilegrimsleia med vandreleiene gjennom innlandet, ved å følgje i Heilag-Olav sine fotefar opp gjennom Valldalen.

Borgundknarren på veg til Giske kyrkje

Kystpilegrimsleia

Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. Kystpilegrimsleia går langs kysten frå Egersund til Trondheim. Det er ingen fast merka lei, slik som pilegrimsleiene over land, men langs leia er det 25 nøkkelstader som ein kan gå innom undervegs og få stempel i pilegrimspasset sitt.  Slike pass kan ein kjøpe på nøkkelstadane eller dei regionale pilegrimssentera, eller bestille på nettet. Pilegrimar som har stempel frå minst seks nøkkelstader i pilegrimspasset, kan få tildelt Olavsbrev når dei kjem fram til Nidarosdomen.  Kystpilegrimsleia blei offisielt opna i 2018, og er godkjent som ein av St. Olavsvegane som fører til Nidaros. Kystpilegrimsleia er også godkjent som «europeisk kulturveg».

Nøkkelstader

Seks av dei 25 nøkkelstadene langs Kystpilegrimsleia ligg i Møre og Romsdal:

Du kan lese meir om Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal i denne brosjyren.

Regionalt kystpilegrimsenter

På Edøya ligg også Smøla kystpilegrimssenter. Dette er eit regionalt senter for den delen av Kystpilegrimsleia som går gjennom dei to fylka Møre og Romsdal og Trøndelag. Smøla kystpilegrimssenter finn du også på Facebook ved å følgje denne lenka.

Nøkkelstad Borgund er også eit såkalla «støttepunkt» for det regionale kystpilegrimssenteret. Det vil seie at Borgund kan vere ein ressursstad for pilegrimsarbeidet på Sunnmøre og for kontakten mellom Kystpilegrimsleia og dei indre leiene, særleg Valldsalsleia.

I juli 2021 går det ein pilegrimsseglas frå Herøy og innover fjorden til Valldalen. Les meir her.

Valldalsleia

Valldalsleia er ein spektakulær vandretur i Heilag-Olav sine fotefar. Omkring 1027 flykta han med skipa sine inn til Valldal og gjekk derfrå over fjellet austover.  Les meir her.

Veøya i sommar

Veøya er ei perle i Romsdalsfjorden som har vore vanskeleg tilgjengeleg. Sommaren 2021 blir det organisert båttransport til den heilage øya to gonger i veka. Programmet inkluderer omvising på øya og tidebøn i kyrkja. Tilbodet er også tilpassa for dei som kjem med eigen båt. Les meir her.

No kallar so og sommarvind.
Vårt liv spring ut, vår dag er lang.
No lokkar hav og doggvåt skog,
og fjerne hjarteklokkers klang.
Far ut! Far ut! Kjenn himlens regn
og skjelv i nattevindens sus.
La auga gå mot ukjend verd,
og styr din veg mot ukjent hus.
(Norsk salmebok nr 333, v.1. Tekst av Edvard Hoem)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"