Maria Vassli Gjære (t.h.) er tilsett som ny avdelingsleiar for kyrkjefag. Ho tok til i mai, og kom frå stillinga som sokneprest i Kråkerøy kyrkjelyd i Fredrikstad. Gjære har tidlegare jobba sju år i Møre bispedømme, då som kappelan i Vågøy og Myrbostad. Ho tek over stillinga som avdelingsleiar kyrkjefag etter Arvid Helle.
Marie Marti Høgset er tilsett som rådgivar kyrkjefag, i ei stilling som noverande domprost Grethe Lystad Johnsen hadde før ho. Marti Høgset har ei tid jobba som trusopplærar i Rauma, og før det var ho mange år i Frelsesarmeen. Ho har nettopp levert ein master i kulturmøte. Masteroppgåva tek for seg forholdet mellom menneske og natur i kulturen vår. Marti Høgset tok til i stillinga 3. juni.
Elles er diakonirådgivar Eline Elnes Rabbevåg i permisjon ut året 2024. Kirsti Hjørnevik er her inne i ei deltidsstilling.