På Tingvoll gjentek dei suksessen frå i fjor, då det var open kyrkje og aktivitetar i ei heil helg i høve Møre bispedømme sitt 40-årsjubileum. Også i år blir det eit variert program i både kyrkje og bedehus.
Ein tjue-tredvetals programpostar står oppført. Det blir besøk frå professor i Systematisk teologi Jan-Olav Henriksen, som skal halde foredrag over boka «Etikk i klimakrisens tid». På bedehuset kan ein pusle med små puslespel, medan i kyrkja kan ein bryna seg på eit på heile 2.000 bitar. Seminar og konsertar, salmesong og ljostenning, bibelforteljingar og aktivitetsstasjonar for born. Ei tettpakka og variert helg på Tingvoll 13. - 15. september!
Mellom anna:
fredagen er det program frå kl. 1800 til kl. 21.45. Laurdag 14. september startar det kl. 1100. Kl. 18 er det konsert for sjelero, med Zhala Aliyeva på cello, Odd Sonntag på fiolin og Vegard By på piano. Kl. 19 blir det servert kveldsmat, før eit miniføredrag om Markusevangeliet. Nattmat og nattkino. Kyrkjehelga avsluttast sundagen med familiegudsteneste og kyrkjekaffi.
Frå venstre: Toril Stendahl, Åsmund Ormset, Vegard By og Odd Erik Stendahl. Bilete: Yngvar Lie
Sjå heile programmet her:
Open kyrkjehelg 13. 15. september
160-Årsfestsalmekveldkonsert
Open kyrkjehelg er ikkje det einaste som gjeng føre seg i soknet i nær framtid.
Måndag 7. oktober er det 160 år sidan Straumsnes kyrkje vart vigsla og teke i bruk. Dette feirar soknerådet ved å arrangere gebursdagsfestsalmekveldkonsert i kyrkja kl. 18:00.
Straumsnes songlag, sokneprest Toril Stendahl og kantor Vegard By deltek. Sjølvsagt blir det servert gebursdagskake bak i kyrkja.
Per dato er ikkje alle deltakarane klare enno; følg med på «skjerikyrkja.no» eller skann QR-koden i biletet nedanfor for oppdatert informasjon. Arrangementet er gratis, det blir teke opp kollekt til det kyrkjemusikalskearbeidet i soknet.