Sju av deltakarane under samlinga var knytte til Møre bispedøme, og vi ønskjer dei velkomne til Møre når tida er inne for å gå inn i teneste som prest, diakon, kateket eller kantor.
På vegen til vigsla teneste
18. til 21. juni var studentar frå dei fire nordlegaste bispedøma samla til lærerike og inspirerande dagar på Bakketun folkehøgskule i Verdal. Samlinga er ein del av førebuinga til ordinasjon og vigsling.
![Sju av deltakarane under samlinga Vegen til presteteneste/vegen til vigsla teneste var knytte til Møre bispedøme. Her er dei saman med biskop Ingeborg Midttømme (midten) og Signe Hellevik, rådgivar personal (t.h).](/globalassets/bispedommer/more/fotos-2019/vtvt%20-%20vtp%202019.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=3663542)
Sju av deltakarane under samlinga Vegen til presteteneste/vegen til vigsla teneste var knytte til Møre bispedøme. Her er dei saman med biskop Ingeborg Midttømme (midten) og Signe Hellevik, rådgivar personal (t.h).