Regionalt kystpilegrimssenter opna på Edøya i pinsa

Biskop Ingeborg Midttømme, fylkesmann Rigmor Brøste og fylkesordførar Tove Lise Torve var mellom bidragsytarane når felles  regionalt pilegrimssenter for Møre og Romsdal og Trøndelag vart opna i strålande sommarvêr 2. pinsedag.

Frå v. fylkesordførar Tove Lise Torve, biskop Ingeborg Midttømme og fylkesmann Rigmor Brøste var mellom bidragsytarane når felles regionalt pilegrimssenter for Møre og Romsdal og Trøndelag vart opna i strålande sommarvêr 2. pinsedag.

Med opninga av eit regionalt pilegrimssenter på Smøla er eit viktig mål nådd i arbeidet med utviklinga av Kystpilegrimsleia mellom Rogaland og Trondheim. Det er allereie etablert slike senter på Avaldsnes i Rogaland og på Selje i Vestland fylke. I løpet av hausten skal eit fjerde senter opnast i Bergen.

Senteret på Smøla skal vere eit koordinerande ledd for de 11 nøkkelstadene på strekninga frå Selje i sør til Trondheim i nord, og bidra til å vidareutvikle Kystpilegrimsleia. Etableringa av senteret er eit samarbeid mellom Trøndelag fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Smøla kommune, Nordmøre museum, Sunnmøre museum og Den norske kyrkja.

   

Bildet t.v.: Frå v. fylkesordførar Tove Lise Torve, biskop Ingeborg Midttømme og fylkesmann Rigmor Brøste var mellom bidragsytarane når felles regionalt pilegrimssenter for Møre og Romsdal og Trøndelag vart opna i strålande sommarvêr 2. pinsedag. Bildet t.h.: Fylkeskonservator Bjørn Ringstad orienterte dei frammøtte gjestane om Edøyskipet som blei funne i 2019. Dette er truleg eit av Noregs eldste skipsfunn, meir enn 1000 år gamalt.


Biskop Ingeborg trakk i sin tale fram HM Kongen sine ord under bispevigslinga i 2008, når han omtala Kulisteinen som Noregs dåpsattest. Møre bispedømme er det yngste bispedømmet, men har noko av den eldste kristne historia. Nøkkelen ligg i kysten si tyding for vår historie, sa ho.

Under det høgtidelege programmet i gamle Edøy kyrkje overrekte biskopen eit bilde med motiv frå bispekåpa, Olavs draum, til Audhild Mork som er tilsett som prosjektleiar for pilegrimssenteret. Med ønske om at Olavs draum kan gje inspirasjon og mot til å drøyme og arbeide vidare, slik at nye pilegrimar kan finne fram til målet.

Les biskopen sin tale under opninga av regionalt pilegrimssenter

Regionalt pilegrimssenter Smøla

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"