Saman som kyrkje i heile verda

(Denne artikkelen er frå aksjonen i 2020) Lokalkyrkjelydar i Møre bispedøme blir i juni utfordra til å delta i solidaritetsaksjonen "Saman som kyrkje i heile verda"; ein innsamlingsaksjon til støtte for søsterkyrkjer som er hardt ramma av korona-pandemien.

«SAMAN SOM KYRKJE I HEILE VERDA» er Møre bispedøme sin solidaritetsaksjon under korona-pandemien, og går i tidsrommet frå pinse til jonsok 2020.

Gjennom aksjonen “Saman som kyrkje i heile verda” kan lokalkyrkjelydar i Møre bispedøme støtte våre søsterkyrkjer som er hardt råka av korona-pandemien, gjerne med utgangspunkt i misjonsavtalen dei allereie har. I denne tida blir mange prosjekt sett på vent, og pengar omprioritert til hjelpetiltak, no når kyrkjer og hjelpeorganisasjonar har fått ekstra store diakonale oppgåver i møte med koronakrisa.  

I denne situasjonen vil Møre biskop og bispedømeråd utfordre kyrkjelydane i Møre bispedømme til misjonssolidaritet!

Initiativet til denne aksjonen kjem frå ulike bispedøme i Noreg, i samarbeid med dei sju organisasjonane som er med i SMM – Samarbeid menighet og misjon. Sjå kirken.no/SMM

 

Korleis kan kyrkjelyden delta?

  • Del informasjon om misjonsprosjektet dykkar, særleg oppdaterte nyheiter om korona-situasjonen. Informasjon finn de nedanfor.
  • Har ikkje kyrkjelyden misjonsavtale, kan de velje eit prosjekt å informere om.
  • Gi folk høve til å gi gjennom vipps, bankgiro, spleis, Facebook-innsamling eller liknande.
  • Del gode idear til korleis vi saman kan skape mest mogleg blest om aksjonen.

 

Praktisk informasjon 

Pengar kan samlast inn på den måten som passar kyrkjelyden best, anten kanalisert gjennom soknet sin bankkonto eller direkte til det misjonsprosjektet dei støttar.  

Meir om innsamlingsmetodar.

Døme på korleis ein kan laga ein aksjon

 

Kyrkjelydar i Møre som er med på aksjonen:

Vigra kyrkjelyd

Ellingsøy kyrkjelyd

Borgund kyrkjelyd

Kleive kyrkjelyd

Ulstein kyrkjelyd

Øre og Gjemnes sokn er med – ikkje digitalt, men ved å ta opp eit kyrkjeoffer til aksjonen like etter jonsok.

Facebook-gruppa for den nasjonale aksjonen

 

Informasjonsmateriell frå misjonsorganisasjonane vil etter kvart vere tilgjengeleg på nett.
Sjå hovudsida om aksjonen.

Ta gjerne kontakt med misjonsrådgjevar Geir Sakseid på e-post gs733@kyrkja.no eller tlf. 913 25 568.

 

Registrering

Kyrkjelydar som vil vera med på aksjonen kan registrera seg her, så kjem dei med i oversikta over kyrkjelydar som deltar i aksjonen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"