I løpet av dei få vekene kampanjen varte i 2020, svarte fleire sokn i bispedømmet vårt på utfordringa om å ta eit ekstra krafttak for å vise solidaritet med dei som har minst og som treng det aller mest.
Kampanjen i fjor gav gode resultat, med meir enn to millionar kroner på landsbasis. I tillegg kom det inn ein god del direkte til misjonsorganisasjonane. Dette gler vi oss over!
Med aksjonen i år vil vi vidareføre innsatsen inn mot koronasituasjonen, samtidig som vi vil hjelpe kyrkjelyden til å:
- gjere misjonsavtalen sin synleg på kyrkjelyden sine nettsider
- nå innsamlingsmålet til misjonsprosjektet
Har ikkje kyrkjelyden misjonsavtale enno, kan dette vere eit høve til å kome i gang.
Slik blir de med:
Kyrkjelydane står fritt til å legge opp aksjonen som dei vil, men felles for alle som blir med er følgjande:
- Kvart sokn melder seg på via nettsida kirken.no/sammen
- Alle gjennomfører minst ei digital innsamling via Facebook og/ eller Vipps (sjå innsamlingsvegleier på kirken.no/sammen )
- Send inn ein enkel rapport på innsamla beløp etter aksjonen. Summen blir også tatt med i den vanlege årsrapporten over totalt innsamla beløp på misjonsprosjektet.
Pandemien lever fortsatt og vi må vere merksame på konsekvensane av den. Vi meiner derfor det er viktig og riktig å mobilisere igjen for ein ny kampanje i 2021.
På hovudsida for aksjonen (sjå lenka over) finn de mykje informasjon, og lenker til dei ulike misjonsorganisasjonane som er med på aksjonen.
På lenka under finn du Møre bispedøme sin brosjyre:
brosjyre2 Møre aksjon 2021 saman som kyrkje.pdf
Spørsmål kan rettast til
misjonsrådgjevar Geir Sakseid
Tlf: 91 32 55 68
E-post: gs733@kyrkja.no