Saman som kyrkje i heile verda

Med den årlege aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" står kyrkjelydar over heile landet saman for den globale kyrkja og kyrkjelydane sine eigne misjonsprosjekt.

Saman som kyrkje i heile verda

Frå Kristi himmelfartsdag til St. Hans går aksjonen Saman som kyrkje i heile verda. Aksjonen starta som eit grasrotinitiativ under pandemien, og vert no gjennomført for tredje gong. Den har vore eit viktig bidrag for våre systerkyrkjer i ei krevjande tid, og vil framleis vere det. For sjølv om pandemien har gått inn i ei ny fase her heime, så er verkelegheita framleis ei heilt anna i store deler av verda.

- Det er mange rundt om i verda som trenger oppmerksemda vår, hjelpa vår og støtta vår. Det er naturleg at vi har vore opptatte av Ukraina, som er i vårt nærområde, men Saman som kyrkje er eit godt høve til å no rette blikket også mot andre som trenger merksemda vår. Krigen i Ukraina pregar verda på ulike måtar, mellom anna med påfølgande matmangel og ytterlegare naud.

- Mitt bodskap inn mot Saman som kyrkje i heile verda, er at vi kan tenke «både og», og ikkje «anten eller», seier biskop Ingeborg Midttømme om solidaritetsaksjonen.

22 påmeldte frå Møre

Aksjonen er tenkt å vere eit supplement og ei anledning til å sette fokus på eige misjonsprosjekt. Så langt er 22 kyrkjelydar i Møre påmeldt til aksjonen, og det er enno ikkje for seint å melde seg på!

Gjennom ulike tiltak vil kyrkjelydane løfte fram sitt lokale misjonsengasjement desse vekene.

Asbjørg Oksavik Sve fortel frå Skodje og Ørskog, dei to sokna har begge misjonsavtale med NMS, og støttar prosjekt i både Estland, England og Etiopia. Under friluftsgudstenesta på Tøsse, mellom Skodje og Ørskog, er det i år Skodje som er ansvarleg og takkofferet går til Estland, Skodje sitt prosjekt.

Sølvi Irene Ulvestad kan fortelje at Spjelkavik alt er i gang med aksjonen, og delte informasjon om kyrkjelyden sine to misjonsprosjekt på kyrkjekaffien på Hatlehol sist søndag. Spjelkavik har misjonsavtale med NMS, og støttar prosjektet Sat-7 og Midt-Østen, og dei har avtale med Himalpartner om arbeidet i Nepal. Sølvi var på inspirasjonstur til Nepal i påska, og kunne dele heilt ferske erfaringar frå arbeidet der.

Meld på din kyrkjelyd her:

Om kyrkjelyden ikkje har meldt seg på, men ynskjer å gjere det, så kan de gå inn på nettsida www.kirken.no/sammen.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"