Bispedømerådet gjorde dette vedtaket i sak 36/19 Endring av prostigrenser i Møre bispedøme:
1. Talet på prosti i Møre bispedøme blir redusert frå 7 til 6 med verknad frå 1/1-20.
2. Prostigrensene for noverande Søre Sunnmøre prosti blir endra til også å omfatte Hornindal sokn, med Volda som prostesete og Søre Sunnmøre prosti som namn.
3. Noverande Austre Sunnmøre prosti og Nordre Sunnmøre prosti blir slått saman, med Ålesund som prostesete og Nordre Sunnmøre prosti som namn.
4. Prostigrensene for noverande Molde domprosti blir endra til også å omfatte sokna i noverande Nesset kommune.
5. Prostigrensene for Indre Romsdal prosti blir endra til å omfatte sokna i Rauma og Vestnes kommuner.
6. Noverande Ytre Nordmøre prosti held fram.
7. Prostigrensene for Indre Nordmøre prosti blir endra til å omfatte sokna i Surnadal, Sunndal, Gjemnes og Tingvoll kommunar.
8. Møre bispedømeråd ber om å få lagt fram eiga sak om administrative og faglege ressursar knytt til den enkelte prost.
9. Møre bispedømeråd ber Kyrkjerådet vurdere å oppretthalde tildeling av ressursar til fleire beredskapsområde enn det talet på prosti tilseier.