Tingvoll og Giske kyrkjer får milliontilskot

To av mellomalderkyrkjene i Møre; Tingvoll kyrkje og Giske kyrkje, får støtte frå Riksantikvaren på til saman vel ein million kroner som tilskot til klimaskalsikring og tilskot til forprosjekt murverk.

Tingvoll og Giske kyrkjer får milliontilskot

Tingvoll kyrkje får 480.000 til klimaskalsikring og 300.000 til forprosjekt murverk, medan Giske kyrkje får 300.000 til forprosjekt murverk.

 

– Det er kjempebra og kjærkome at desse midlane no kjem, seier kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug i Giske. – Samstundes er det knytt utfordringar til løyvingane, ved at det ligg ein eigendel på 40% for å få gjennomført dei planlagde tiltaka. Når fellesrådet si kasse er botnskrapa og det er krevjande budsjettprosessar med kommunen, seier det sjølv at dette ikkje er enkelt. Men for all del; vi er glade for tildelinga, seier kyrkjeverja.

 

– Det er store behov for sikring av tak, veggar og mur ved mellomalderkyrkjene, seier riksantikvar Hanna Geiran, som gjennom denne løyvinga gir tilskot til 48 kyrkjer over heile landet. Midlane er fordelt etter eit rammetilskot på 28,6 millionar kroner over statsbudsjettet. Tilskota er gitt etter at Riksantikvaren tok imot 68 søknader med ein samla søknadssum på 47,7 millionar kroner. I 2022 er mellomalderkyrkjene prioriterte for tilskot.

 

– Søknadsmengda vitnar om at mange mellomalderkyrkjer har behov for vedlikehald, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe. – Vi veit at kyrkjeverjene jobbar systematisk og godt med vedlikehald, og det er gledeleg å sjå at søknadane er gode og velgrunna, seier ministeren – som også viser til at Riksantikvaren har fått i oppdrag å lage ein bevaringsstrategi for alle kyrkjene i landet.

 

– Kyrkjene har vore samfunnet sine praktbygg, og derfor er dei også ein viktig del av kulturhistoria vår, og fortel om kunst, samfunn og menneska sine liv i norsk mellomalder. I dag er kyrkjene truga av eit varmare og villare vêr, som følgje av klimaendringane, og derfor er det så viktig å få satt i stand tak, veggar og murar. Årets tilskot vil gi eit godt bidrag til både akutte tiltak og meir langsiktig planlegging av komande istandsettingsprosjekt, seier riksantikvar Hanna Geiran.

 

I Møre bispedøme er det 120 kyrkjer. Om lag halvparten av desse er listeførte av Riksantikvaren som verneverdige i eit nasjonalt perspektiv. Listeføringa inneber m.a. at Riksantikvaren skal uttale seg om alle tiltak på kyrkjene ut over vanleg vedlikehald.

 

Ti av kyrkjene i Møre er totalfreda, og alle tiltak på desse skal godkjennast av Riksantikvaren etter kulturminnelova. Dette gjeld alle dei ni mellomalderkyrkjene; Edøy, Grip, Kvernes, Tingvoll, Rødven, Veøy, Giske, Borgund og St. Jetmund samt Molde domkirke.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"