Tre lister inn i det nye bispedømerådet

Åpen folkekirke og Nominasjonskomiteens liste vil kvar få tre representantar i det nye bispedømerådet 2019-2023, medan Bønnelista får ein representant. Dette viser tala frå den førebelse oppteljinga av kyrkjevalet i Møre. Oppslutninga om kyrkjevalet viser ein nedgang på ca. to prosent frå kyrkjevalet 2015.

Oppteljinga av kyrkjevalet 2019 pågår for fullt i lokala til Møre bispedømeråd. Frå v. Kristian Due, Arvid Helle, John Erik Brakstad og Svein-Magne Harnes

Etter at 89 av 95 sokn i Møre er talde opp viser den førebelse oppteljinga til bispedømerådsvalet at Åpen folkekirke har 9162 stemmer, Nominasjonskomiteens liste har 7834 stemmer, medan Bønnelista har 2684 stemmer.

Samla har om lag 24.805 kyrkjemedlemer røysta ved kyrkjevalet i Møre 2019. Dette er ca. 15 prosent av dei røysteføre - ein nedgang på ca. to prosent frå kyrkjevalet 2015, men høgare enn kyrkjevalet i 2011. Møre har dermed nest høgast oppslutning om kyrkjevalet mellom bispedøma. Deltakinga ved bispedømerådsvalet i Møre ligg på om lag 13 prosent.

– Med tre lister til dette bispedømerådsvalet er ikkje resultatet overraskande, med vår kjennskap til kyrkjelandskapet i Møre, seier valansvarleg Arvid Helle i Møre bispedøme. Han understrekar at det førebelse oppteljinga ikkje seier noko sikkert om kva personar som vil representere dei tre listene i bispedømerådet. Dette blir først klart når alle personstemmene er talt ferdig.

Bispedømerådet er sett saman av 10 medlemer. Sju av desse blir valt ved bispedømerådsvalet. I tillegg er biskopen medlem, saman med ein representant valt mellom prestane og ein representant valt mellom kyrkjeleg tilsette i bispedømet.

Valrådet, som har ansvaret for gjennomføring av bispedømerådsvalet, vil godkjenne den endelege oppteljinga i sitt møte 18. september.

Ved kyrkjevalet 8.- 9. september hadde veljarane for første gong tre lister å velje mellom ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet; Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke. Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke stilte lister i alle bispedøme, Bønnelista stilte i ni av dei elleve bispedøma (ikkje i bispedøma Oslo og Sør-Hålogaland).

Nedanfor er ein førebels oversikt over stemmetal og mandatfordeling for dei tre listene i Møre. Denne oversikten er basert på den førebelse teljinga som er gjort av sokna. Sokna har ikkje talt personstemmer. Det er altså framleis ei uvisse ved desse tala, fordi dei er baserte på førebels teljing (ikkje alle sokn har rapportert og personstemmene er ikkje talde). Når ein veljar fører eit namn over frå ei anna liste (sokalla «slengar»), gir ein også ein del av stemma si til den andre lista. Dette kan påverke mandatfordelinga, som derfor først blir klar etter endeleg teljing.

 

Endeleg valresultat blir publisert når alle bispedøme er ferdige med valoppgjeret. Fristen for dette er 19. september. Det betyr at både endeleg valresultat og kva medlemer som utgjer Kyrkjemøtet blir kjent 20. september.

 

Nasjonalt: Foreløpig resultat kirkevalget 2019

 

 

Kontaktperson:

Arvid Helle, valansvarleg Møre bispedøme – mobil: 412 16 956

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"