Ungdomstinget vil vare ei heil helg slik at dei som kjem får god tid til å bli godt kjent med kvarandre.
Ungdomsrådet ønskjer at det årlege Ungdomsting vekslar på å vere på ulike stader i Møre. Dette året er det Nord-Møre sin tur.
Biskop Ingeborg Midttømme vil vere med på samlinga og ho ser fram til å møte ungdommen.
Programmet for samlinga vil variere mellom sakspresentasjon, plenumsdebatt, komitéarbeid, workshop, foredrag, kveldssamling, gudsteneste og sosialt program med mat og aktiviteter.
Her kan du lese alt om Ungdomstinget.
Alle som er mellom 15 - 30 år kan delta under ungdomstinget, men berre 2 frå kvar kyrkjelyd eller ungdomsorganisasjon kan vere delegatar med røysterett.
Påmeldingsfristen er måndag 9.mars. Fyll inn skjema som ligg nedanfor.
Pris: 1000,- ( inkluderer felles transport,mat og overnatting)
Er du delegat er det vanleg at kyrkjelyden/organisasjonen du representerer dekker kostnaden. Du kan også søke dei om reisestønad.
Her kan du lese om Ungdomsting 2019.
Påmeldinken er open.
Ungdomsrådet håper at mange vil bli med og at mange kyrkjelyder og organisasjoner blir godt representert.
Har du spørsmål knytt til arrangementet kan du kontakte rådgivar for ungdom i Møre bispedøme:
Inger Marie Jakobsen Sylte, e-post: is969@kyrkja.no