Eidsdal musikkkorps framførte til å begynne med nokre feiande marsjar, før prost Svein Runde ønska velkommen og tok fram litt av historikken til Verdsarven og verdsargudstenesta.
Biskop Ingeborg Midttømme heldt ei aktuell preike, om ivaretaking av skaparverket, der ho også tok fram Gudsfrykt og Nøysemd som viktige begrep for sunnmørsk identitet gjennom årtier. Ved å kople det heile til diktet: Den prektige sommerfugl, av Henrik Wergeland, vart det også framkalla undring når vi under siste verset song: «Og alle verdens mennesker og alle kongebud, ei gjøre kan en sommerfugl. Det kan alene Gud.»
Borna deltok med bøner som skapte sterk gjenkjenning: «Gud hjelp oss å halde lufta rein slik at komande generasjonar får luft nok å puste i .. Lat havet haldast reint nok til at fiskane framleis kan symje der…. Hjelp oss å ta vare på kvarandre og kjempe for rettferd for alle menneske.»
Sokneprest Stein Karstensen og verdsarvprest Morgan Berg deltok også under gudstenesta.
Formidlingsleiar i naturarv og kuturarv i Verdsarvstiftinga Geirangerfjorden verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg, held eit interessant og engasjerande foredrag om kva naturen, skaparverket, har betydd for henne opp gjennom åra, og kva målsetjingar Verdsarstiftinga har for å ta vare på og gjere landskapet tilgjengeleg for folk flest.
Biskop Ingeborg Midttømme har i 10 år. – som biskop, representert Den norske kyrkja i internationalt miljøarbeid. Oppturar og nedturar har det vore, men det er heilt nødvendig om skal redde skaparverket.
Desse to dyktige foredragshaldarane fekk aktualisert hos oss at her gjeld det å tenke globalt, men handle lokalt.
Biskop Ingeborg Midttømme og Merete Løvoll Rønnehaug (Formidlingsleiar i naturarv og kuturarv i Verdsarvstiftinga Geirangerfjorden verdsarv)