Verdsarvgudsteneste med fokus på fjordlandskapet

Det vert inviterer til verdsarvgudsteneste søndag 4. juni på Hausetsetra i Geiranger.

Verdsarvgudsteneste med fokus på fjordlandskapet

- Arrangementet er i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, og dette er dagen før Verdens miljødag vert markert. Vi vil ha fokus på skaparverket, og særleg fjordlandskapet i vårt område. Det er med glede vi inviterer til dette flotte friluftsarrangementet i Geiranger, fortel prost Svein Runde.

Under gudstenesta vert det: 
-    Korpsmusikk 
-    Tale og innslag ved sokneprest Morten Gravdal og prost Svein Runde
-    Bøner og tekstlesing ved barn
-    Musikalsk leiar Gunnar Inge Eide

Etter gudstenesta:
-    Oddvar Longva som i mange år har jobba med Åknesprosjektet, og hadde ansvar for tolking av rashistoria langs dei indre delane av Storfjordsystemet, vil sette fokus på fjordlandskapet som er sjølve verdsarven, korleis det er danna og korleis det endrast over tid.
-    Det vert også lagt opp til natursti i området ved Verdsarvstiftinga.

Hausetsetra ligg nydeleg til i øvre del av Møllsbygda, med flott utsikt over Geirangerfjorden. 
Alle er velkomne til gudstenesta og arrangementet i etterkant. Ta med niste og sitteunderlag.


Arr. Nordre Sunnmøre prosti i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv. 

For meir informasjon:
Svein Runde
Prost i Nordre Sunnmøre prosti
Mobil: 91114095     Mail: svein.runde@kyrkja.alesund.no

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"