Alle blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste. Diakonien er grunntonen i alt som skjer i kyrkjelyden, og blir konkretisert i eigne tiltak. Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og vørdnad for kvarandre.
Diakonirådgjevaren i Møre bispedøme søkjer å rådgje og samhandle med diakonitenestene i kyrkjelydane om sentrale oppgåver som m.a.:
Sjelesorg ● Sorg og krisearbeid ● Skaparverket ● Internasjonal rettferd ● Kriseberedskap