Alle menneske har rett til å leve eit menneskeverdig liv. Vi kan ikkje stille oss likesæle til menneske som kjempar for livet. Vi må kjempe saman med dei og spele på lag med rettferda og solidariteten.
Som kyrkje er vi utfordra til å arbeide med rettferd og menneskerettar i eit globalt så vel som eit lokalt perspektiv. Dette gjeld utfordringar knytte til globaliseringa, internasjonal handel, illegitim gjeld, fattigdom, krig, fred og forsoning, den teknologiske utviklinga og anna.
Dei diakonale utfordringane over landegrensene har engasjert kyrkjelydar, diakonale institusjonar og organisasjonar gjennom ulike misjons- og bistandsprosjekt. Mange kyrkjelydar har knytt vennskapsband med kyrkjelydar på tvers av landegrensene.
Kyrkjelydane i Møre sine misjonsavtalar er konkrete døme på korleis ein lokalt engasjerer seg i internasjonal rettferd.
Perspektiv kring internasjonal rettferd er viktig å løfte fram i kyrkjelyden si undervisning overfor born, unge og vaksne.
Diakoni ● Sjelesorg ● Sorg og krisearbeid ● Skaparverket ● Internasjonal rettferd ● Kriseberedskap