Menneskelivet og menneskeverdet skal vernast frå livet byrjar og til det endar. Kyrkja må derfor vere ei kritisk røyst i høve til sorteringssamfunnet; ved livets start, ved sjukdom og død. Kyrkja må engasjere seg i dei store etiske problemstillingane som dagens praksis reiser.
Oppfatninga av mennesket som herre og herskar over naturen må korrigerast. Kyrkja treng å styrkje forståinga av at mennesket er avhengig av alle sine relasjonar – til Gud, til medmennesket, til seg sjølv og til resten av skaparverket.
I Møre er satsinga på Grøne kyrkjelydar ein del av dette arbeidet. Ressursgruppa for skaparverk og berekraft samarbeider med kyrkjelydane om tiltak for bevisstgjering og vern om skaparverket, og oppmodar kyrkjelydane om å bli grøn kyrkjelyd.
Perspektiv kring skaparverket er viktig å løfte fram i kyrkjelyden si undervisning overfor born, unge og vaksne.
Diakoni ● Sjelesorg ● Sorg og krisearbeid ● Skaparverket ● Internasjonal rettferd ● Kriseberedskap