Her har vi eit ansvar både som enkeltmenneske og som kyrkjelydsfellesskap. Menneske lid mellom anna på grunn av mobbing, sjukdom, sorg, overgrep, rusproblem, fattigdom og kriminalitet. Ofte er det naudsynt med spesialkompetanse og spesiell organisering i tillegg til det vi kan yte på det mellommenneskelege planet.
Alle kyrkjelydar må ha lokale planar til bruk ved ulukker og kriser og ved overgrepssaker. Slike planar skal vere samordna med planane i bispedømmet, som òg vil stille med ressursar i slike situasjonar.
Diakoni ● Sjelesorg ● Sorg og krisearbeid ● Skaparverket ● Internasjonal rettferd ● Kriseberedskap