I dag er kyrkjene blant dei viktigaste kulturarenaene i landet, og mykje brukt som konsertstader i bygder og byar. Med kulturmeldinga « Kunsten å være kirke» og etableringa av kulturrådgjevarstillingane, er kunst og kultur blitt eit fokusområde for Den Norske Kyrkje.
I Møre bispedøme er det mykje flott kulturarbeid i som skjer kyrkjene. Møre har ein egen kulturrådgjevarstilling som skal inspirere til auka kulturarbeid i kyrkjene i bispedømet, og fungere som eit mellomledd mellom kunstnarar, kunst- og kulturinstitusjonar og kyrkja.
Er du tilsett eller soknerådsmedlem, kunstnar og/eller artist, og har spørsmål om kunst- og kulturarbeid i kyrkja/kyrkjelyden, kan du ta kontakt med kulturrådgjevar John Erik Brakstad.
Til dømes om de:
- Ønskjer å lage et kulturarrangement, og treng råd om finansiering
- Treng tips til kunstnarar/fagfolk eller arrangement som kan passe dykkar kyrkje/ kyrkjelyd.
- Treng fagkompetanse til spørsmål rundt kunst- og kulturtiltak i kyrkjelyden.
Kulturarrangørar og kunstnarar er også hjertelig velkomne til å spørje kulturrådgjevaren til råds om kunst, kultur og kyrkje!
Kulturrådgjevaren kjenner godt til mange spennande kunst og kulturprosjekt i kyrkjene i Møre bispedøme, og har svært god kontakt med fleire festivalar og utstillingsarenaer m.m.