Den kulturelle skulesekken

Kyrkja har ei viktig rolle å spele i Den kulturelle skulesekken - og ordninga er eit viktig satsingsområde for Møre bispedøme.

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ein nasjonal satsing som skal medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. DKS skal legge til rette for at elevar i skulen skal få oppleve, gjere seg kjent med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag.

Kyrkja har ei viktig rolle å spele i DKS. I Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008) heiter det:

Religiøs tru har ein estetisk dimensjon som til alle tider har gjeve seg utslag gjennom kunst og kultur.

Den norske kyrkja forvaltar ein monaleg del av kulturarven vår gjennom dei om lag 1600 kyrkjene her i landet. Det rike kulturmaterialet som mange av kyrkjene inneheld, er kjelder til kunnskap, lokal identitet og oppleving. Livet i kyrkjene, musikken, liturgiane og tekstane kan òg vere kjelder til profesjonell formidling av kunst og kultur i Den kulturelle skulesekken.

DKS er eit viktig satsingsområde for Møre bispedøme, og vi har som mål at kyrkja skal vere ein viktig bidragsytar inn mot ordninga.

Lær meir om DKS i Møre og Romsdal: http://www.kultursekken.no/

 

Eksempel på lokale kyrkjelege DKS-produksjonar:

«I et speil, i en gåte…» Visuell kunst i kyrkjerommet. Produsert i 2015 av billedkunstnar Ine Harrang. Turnerer i fylket vår/haust 2016. 

«Fortellingen om F» er eit teaterstykke skrive av Marit Kaldhol, med utgangspunkt i Håkon Bleken si utsmykking av Spjelkavik kyrkje. Framsyninga er produsert av Spjelkavik kyrkjelyd og inngår som ein del av Ålesund kommune sitt DKS-tilbod.

«Vinden er stille» turnerte i kyrkjer i bispedømmet i 2012, og blei sett av ca 6800 elevar på 8. – 10. klassetrinn. Framsyninga blei produsert av kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke i samarbeid med  Kristiansund Kirke Kunst Kulturakademi. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"