Bilde: Øye og Ranes sokn underskriv misjonsavtale. Les meir.
Ungdommens kyrkjemøte i 2019 utfordra alle kyrkjelydar til å ha ein misjonsavtale med ein misjonsorganisasjon, og trekka dette fram i sitt eige barne- og ungdomsarbeid, slik at barn og unge blir engasjerte deltakarar i ei misjonerande kyrkje. Ålgård menighet i Stavanger bispedøme har gode erfaringar med bruk av misjonsprosjekta i sitt eige arbeid. Les meir.
Kva inneber det konkret å ha ein misjonsavtale?
Alle misjonsavtalar inneber innsamling av pengar til eit misjonsprosjekt. Dei fleste kyrkjelydar lovar ein fast sum i året, men det går også an å lova så og så mange takkoffer.
Å ta misjonsprosjektet med i gudstenesta er viktig, både i kunngjeringar, forbøn, salmeval og forkynning når det er aktuelt. Slik viser me at me står saman som kyrkje i heile verda.
Informasjon om prosjektet bør også vera synleg fleire stader, både på heimesider og i kyrkjeblad – kanskje også i lokalavisa! Misjonsorganisasjonane har ansvar for å gi kyrkjelyden informasjon. Det går også an å høyra om dei vil komme på besøk ein gong.
Kva skal kyrkjelyden gjera for å velja misjonsavtale?
Ofte kan det vera lurt å sjå etter lokale tilknytingspunkt. Valderøy sokn i Nordre Sunnmøre prosti har t.d. misjonsprosjekt i Nepal gjennom Himalpartner, fordi ein av misjonærane der er oppvaksen på Valderøya. Andre stader er det aktive misjonsforeiningar som ivrar for eit prosjekt knytt til deira organisasjon. Kanskje kan ein også sjå etter eit prosjekt som lett kan brukast inn mot trusopplæringa.
Tenk gjennom kva type prosjekt kyrkjelyden ønskjer. Vil de legga vekt på evangelisering og kyrkjelydsbygging, diakoni, dialog og forsoningsarbeid, eller vil de støtta eit utviklingsprosjekt?
Ein kan også ta kontakt med dei ulike misjonsorganisasjonane i SMM for å få meir informasjon. Når ein har bestemt seg for eit prosjekt, skal det underteiknast ein avtale. Den bør vera tidsavgrensa, t.d. for tre eller fire år.
Mange kyrkjelydar er små. Då kan det vera lurt å gå saman fleire kyrkjelydar om det same prosjektet. Store og aktive kyrkjelydar kan med fordel ha meir enn eitt misjonsprosjekt.
Har du spørsmål om misjonsavtalar?
Kontakt bispedømekontoret på tlf: 71 25 06 70