Les meir i brosjyren om reformasjonsarrangement i Møre hausten 2017
REFORMASJONSMARKERING I BUD 23. SEPTEMBER
«Reformasjonen – det store skiljet i kristenliv og samfunn»
Seminar Bud museum 12.30 – 16.00
• Historisk og kulturhistorisk utgangspunkt for reformasjonen i vårt område: «Den eldste
busetnaden. Frå heidendom til kristendom», Fylkeskonservator Bjørn Ringstad
• «Reformasjonens betydning lokalt og regionalt», Mads Langnes, førstekonservator Romsdalsmuseet.
• «Å forme den protestantiske lesaren», Arne Apelseth, språk- og litteraturprofessor Høgskulen i Volda
• «Arven etter Hans Nielsen Hauge: sosial, politisk, økonomisk og religiøs reformasjon»,
Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved NHH i Bergen.
• «Entreprenørskap som misjonsstrategi» Heidi Westborg Steel, generalsekretær Himalpartner
• Oppsummering ved biskop Ingeborg Midttømme
Reformasjonsfest i Bud kyrkje 18.00 – 20.30:
• Edvar Hoem: «Frå Luther til Hauge - kristenliv og samfunn i Noreg»
• «Gjenklang frå Veøy» Konsert med Daniel Herskedal, Møremusikarane, Beate Mordal,
Gule blandakor v/ dirigent Bjarne Harøy, og museumsdirektør Jarle Sanden
Arr: Møre BDR i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Romsdalsmuseet, Bud sokneråd
-----------------------
REFORMASJONSMARKERING I VOLDA 21. OKTOBER -
Påmelding reformasjonsfagdag i Volda 21. oktober
«Reformasjon i kultur, song og kunnskap»
12.00 Luther-song i Volda kyrkje, Møte med lutherske salmar; nokre i ny omsetjing og tonesetjing.
Fagdag i Berte Kanutte-huset 13.00 – 18.00 (Påmelding, deltakaravgift kr 250)
• Lunsj
• «Nåde hjå Luther og i populærkulturen» Kjartan Leer Salvesen og Ralph Meier, førsteamanuensisar ved
Høgskulen i Volda.
Bibelforteljingar dukkar på uventa vis opp i populærkulturen. Kva tenkte Luther om nåde, og korleis vert nåde formidla i moderne populærkultur? Kva har dette å seie for verdiformidling og forkynning?
• «Luthersk trusopplæring?» Per Halse, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Presentasjon av trusopplæringsverket «Martins vidundelige verden» av Willem Vogelaar. Martin Luthers vesle katekisme var grunnboka for norsk barnelærdom gjennom fleire hundreår. Har ho gått ut på dato? I kva grad kan eller bør trusopplæringa vere luthersk, og korleis er det i praksis?
• «Klang av tru» Dosent Jan Ove Ulstein, kantor Rose Iren Stave, trusopplærar Anna Myklebust. Etter ei innføring om luthersk salmetradisjon vert det delt erfaringar om bruk av salmar i gudstenestefeiring og trusopplæring. Kan tru syngast inn, og i så fall korleis?
• Middag
19.00 Konsert i Volda kyrkje
Mozarts Symfoni nr. 40 i G-moll. Musikk og song ved Magnar Åm. Dirigent Magnar Åm og solist Karina Holkestad.
Arr: Møre bispedømeråd i samarbeid med Høgskulen i Volda og Volda kyrkje.
-----------------------------
ANDRE ARRANGEMENT
Gjennom hausten 2017 blir det også ei rekkje andre reformasjonsarrangement rundt om i Møre:
4 temagudstenester i alle kyrkjene i bispedømet
Saman med andre lutherske kyrkjer har Den norske kyrkja valt å formulere fire tema for desse gudstenestene:
27. august: Nåden Åleine
17. september: Skaparverket er ikkje til sals
15. oktober/29. Oktober: Frelsa er ikkje til sals
19. november: Menneske er ikkje til sals
Framsyningar om nåde
Heile 28 teaterframsyningar blir i oktober og november vist omkring i kyrkjene i Møre. Premiera vert i Ørsta kyrkje 18.oktober
Andre arrangement
Det blir også salmekveldar, Møre-kortreff i Spjelkavik kyrkje og Kyrkjesongfest i Molde domkirke.
Les meir i brosjyren om reformasjonsarrangement i Møre hausten 2017
GRAFISK MATERIELL - REFORMASJONSJUBILEUM I MØRE