Bildet: Ungdommar frå Møre bispedøme besøkte i 2019 kyrkjelydar Newcastle bispedøme
-
Venskapsavtalen inneber ei stadfesting av det nære sambandet over Nordsjøen, og inneheld ei rekkje punkt kring utvikling av kristent fellesskap og samarbeid. Avtalen vart fornya i 2013 og 2018, og inneber mellom anna at vi skal:
- Be regelmessig og systematisk for kvarandre
- Utveksle informasjon og dele visjonar om kyrkjene våre
- Samtale om misjonale utfordringar vi har som kyrkje i ei ny tid
- Legge til rette for besøk for å dele idear og erfaringar
- Ta imot prestar og diakonar til å gjera teneste i kvarandre sitt bispedøme
Vennskapsavtale 2018 (norsk)
Agreement 2018 (engelsk)
Det er den økumeniske «Porvoo-avtalen» frå 1996 som ligg til grunn for samarbeidet med den anglikanske kyrkja. Les meir om Porvoo-avtalen.
Ungdomsrådet «staying alive» i Newcastle
Prestar på studietur i England
The Church of England in the Diocese of Newcastle
Diocese of Newcastle on Facebook