Biskop Ingeborg Midttømme
Ingeborg Synøve Midttømme er tredje biskopen i Møre bispedøme. Ho vart vigsla til biskop i Møre i 2008, etter biskopane Ole Nordhaug og Odd Bondevik.
Biskop Ingeborg Midttømme mobil: 993 21 688 e-post: more.biskop@kyrkja.no Twitter: twitter.com/mmeingeborg Ingeborg Midttømme er fødd i Oslo 20.11.1961. Ho studerte teologi ved Menighetsfakultetet og tok embetseksamen der i 1986. Si første prestestilling hadde ho som kapellan i Høybråten i Oslo. Etter vel fem år der var ho sokneprest i Sørfold i Sør-Hålogaland i fire år. Frå 1997 var ho kapellan i Hauketo-Prinsdal.
I 2003 fekk ho permisjon for å vere leiar i Den norske kyrkja si presteforening. Som leiar i Presteforeininga sat ho i styret til Akademikerne og seinare til UNIO. Denne stillinga hadde ho til ho 2008 tok over etter Odd Bondevik som biskop i Møre. Ho vart vigsla 21. september 2008 som den tredje biskopen i Møre bispedøme. Biskop Midttømme har mellom anna styreerfaring frå Det teologiske menighetsfakultet og Diakonhjemmet, og har sidan 2011 site i styret for Kirkens Nødhjelp. Som biskop tok ho i 2011 initiativ til lanseringa av den nye nynorske bibelomsetjinga på Aasen-tunet; «Bibelen på hjartespråket». Biskop Midttømme er ein aktiv samfunnsaktør og har stort engasjement knytt til mellom anna flyktningespørsmål og klimautfordringane.