Møre bispedømeråd er valt for perioden 2024 - 2027. Bispedømerådet skal bidra til å vekkje og nære kristeleg liv i kyrkjelydane. Rådet skal: - Fremje samarbeid mellom sokneråda og andre arbeidsgrupper i bispedømet - Fordele tilskot til stillingar i undervisning og diakoni - Tilsette prostar - Gjere forvaltingsmessige vedtak med heimel i kyrkjelova og gravferdslova.
Møre bispedømeråd og Møre biskop har felles målsetting for arbeidet i bispedømet:
Å gjere menneske til Jesu læresveinar med di vi døyper dei til namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halde alt det som Jesus har bode oss.
Den norske kyrkja i Møre skal vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.
Vi vil særleg leggje vekt på at kyrkjelydane med tilsette og tillitsvalde vert sette i stand til
- å gjere gudstenesta til samlingsstad for heile kyrkjelyden
- å byggje fellesskap prega av kristen omsorg og nestekjærleik
- å styrkje misjonsengasjementet i kyrkjelydane
- å betre dåpsopplæringa i heim og kyrkje
Oppdatert 13.09 2024: Olav Myklebust frå Åpen folkekirke var opphaveleg stemt inn i Møre bispedømeråd 2024-2027. Grunna ny jobb som kyrkjeverje trer han ut av rådet, og vert erstatta her av Maren Elgsaas Alnæs.