Eit lite sitat frå Bibelen – der Paulus gir Timoteus eit godt råd. Dette gjeld også for unge i kyrkjedemokratiet:
«Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik.» 1.Timoteus 4,12
Ungdomsrådet er ansvarleg for å følgje opp sakene frå ungdomstinget, planleggje nytt ungdomsting og arbeide med andre aktuelle saker. Dei skal også sende deltakarar til Ungdommens kyrkjemøte (UKM).
Ungdomsrådet består av:
Leiar: Mikael Frølandshagen (Ålesund)
Nestleiar: Aurura Molnes Hagelund (Spjelkavik)
Styremedlem: Rasmus Elias Myklebust (Sykkylven)
Iver Fiskaa Ødegård (Ulsteinvik)
Øystein Grimstad Thormodsæter (Ulsteinvik)
Lina Lingen (Øre),
Thea Korsnes (Liabygda)
Reidun Moltubak (Ørsta)
Jon Atle Myren (Haram)
Arnstein Lystad Johnsen (SubUrban,Molde)
Den norske kyrkja er ein demokratisk organisasjon. Alle døypte er medlemmer i kyrkja, og alle medlemmer har rett til å bestemme. I 1993 sette Kyrkjemøtet som mål at minst 20 prosent av representantane i dei kyrkjelege råda skal vere ungdom under 30 år. Her kan du lese om ungdomsdemokrati i kyrkja. Det er viktig for kyrkja at barn og unge får sjanse til vere med på å forme kyrkja. Dei er kyrkja i framtida, men dei er òg kyrkja i notida.