MEDLEMMAR:
I Møre og Romsdal er det om lag 268 000 innbyggarar. Av desse er omlag 200 000 medlemmer i Den norske kyrkja. Det gjev ein medlemsprosent på kring 75 %.
INNDELING:
Bispedømet er delt opp i 6 prosti og 95 sokn (5 prosti frå 1. januar 25)
STILLINGAR:
Bispedømerådet er arbeidsgjevar for omlag 75 faste prestestillingar, - prostar, sokneprestar, kapellanar og prostiprestar. Bispedømerådet er òg arbeidsgjevar for dei tilsette ved bispedømekontoret. Her er det per februar 2024 15 personar.
FELLESRÅD:
Det er 26 kyrkjelege fellesråd i bispedømet, med eit par unntak følgjer desse dei nye kommunegrensene frå 2020. Alle fellesråd har ein dagleg leiar for verksemda si, kyrkjeverjen. Fellesråda er arbeidsgjevarar for organistar, kyrkjetenarar, klokkarar, kyrkjegardsarbeidarar, kontortilsette, diakonar, kateketar mv.
KYRKJER:
I bispedømet er det i underkant av 120 kyrkjer. Av desse er 9 freda middelalderkyrkjer (oppført før 1650), 22 kyrkjer er bygde i perioden 1650 – 1850. Dei andre kyrkjene er frå 1850 og framover. Frå Møre bispedøme vart oppretta i 1983 er det vigsla 9 nye kyrkjer.
Tal frå statistikken for 2023:
- 199 919 av innbyggarane i Møre er medlemmar i Den norske kyrkja
- 1 708 vart døypte
- 350 par vart kyrkjeleg vigde
- 2 162 vart gravlagde
- 2 306 vart konfirmerte
- 3 339 gudstenester (sum for sundagar, helgedagar og andre dagar)
- 286 252 deltok deltok på desse gudstenestene