Meir himmel på jorda. Kyrkjemøtet 2021 vedtok ein ny strategi for heile Den norske kyrkja. Strategien gjeld frå 2022 til 2029. Visjonen om meir himmel på jorda er den same.
På denne sida kan du laste ned visjonsdokumentet/strategien i pdf-format.
For å få visjonsdokumentet/strategien i PowerPoint-format, og for andre relaterte ressursar, besøk Ressursbanken ved å følgje denne lenka.
Strategi for sosiale media
Kyrkjerådet har, i samarbeid med eit kommunikasjonsbyrå og ein del av kommunikasjonsteamet i Den norske kyrkja, laga ein strategi for bruk av sosiale media.
Strategien gjeld for nasjonale sosiale media i DnK, og kanalar på alle andre nivå i kyrkja oppmodast til å ta den i bruk som ressurs og rettleiingsdokument.
Målet med strategien er meir himmel på jord – ved å nå ut med kyrkja sitt bodskap om Jesus Kristus, tilby einskap, styrkje tilhøyre til kyrkja og invitere til kyrkjelege handlingar på ein måte som inkluderer og engasjerer.
Strategidokumentet omtalar mellom anna prinsipp for korleis sosiale media i kyrkjeleg regi bør drivast, frå strategisk drift til kreativ innhaldsproduksjon, og korleis kyrkja bør spele på lag med ulike sosiale media for å nå sine mål.
Den norske kyrkja sin strategi for sosiale media kan ein lese meir om her:
Strategidokumentet kan ein laste ned her