Møre bispedøme lyser kvart år ut stillingar knytt til presteteneste, kateket, diakoni osv. Følg denne nettsida for å få oppdatert informasjon om ledige stillingar. Du kan kan også følgje nettstaden kirkejobb.no eller NAV sine sider for ledige stillingar i Møre og Romsdal. Vidare kan du nytte Webcruiter sin jobbsøkjarportal. Når det kjem til å sende inn søknad kan du bruke elektroniske løysingar knytt til desse nettstadane eller du kan sende søknad via e-post eller i posten til Møre bispedøme.
På våre Jobb hos oss-sider finn du dei stillingane som til ei kvar tid er ledige i bispedømet. I tillegg er det stadig behov for vikarar og kortare engasjement. Ta kontakt med bispedømerådskontoret for å få nærare informasjon om dette.