Nytilsettingar i Møre bispedøme

Oversikt over dei nyaste tilsettingane i Møre bispedøme.

2024

Karl Johan Bjørge har takka ja til stillinga som prost i Nordre Sunnmøre prosti. Han kjem frå stillinga som sokneprest i Vatne og Hamnsund. Bjørge er for tida også hovudverneombod i Møre bispedømme. Eksakt oppstartsdato er enno ikkje bestemt, men det vil bli i løpet av hausten 2024.

Tarjei Løvik har takka ja til stilling som sokneprest i Indre Romsdal prosti, med sokna Tresfjord, Vike og Vågstranda som særskild tenestestad. Tarjei kjem frå stillinga som sokneprest i Gauldal prosti, Nidaros bispedøme. Han tek til i stillinga 1. oktober.  

Per Sigve Særheim har takka ja til stillinga som sokneprest i Aure, Stemshaug og Tustna sokn. Han vil fullføre cand.theol studiet sitt i næraste framtid, i kombinasjon med tenesta som sokneprest. Særheim tek til i stillinga 1. september.

Tilsettingsrådet i Møre bispedøme vedtok i møte 14.mars 2024 å tilsette Pål Arne Winsnes som sokneprest i Indre Nordmøre prosti med sokna i Surnadal som særskild tenestestad. Winsnes har takka ja til stillinga.

Jonas Richter Fjeld har takka ja til stillinga som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti, med Sykkylven som særskild tenestestad. Han tek til i stillinga i juni. 

Jan Fredrik Laskerud har takka ja til stillinga som sokneprest i Indre Nordmøre prosti med Hov og Romfo sokn som særskild tenestestad.

Sturla Fostervold har takka ja til stillinga som rådgivar personal ved Møre bispedømmekontor. Han tek til i stillinga i august. 

Marie Marti Høgset har takka ja til stillinga som rådgivar misjon ved Møre bispedømmekontor. Ho tek til i stillinga i juni.

Maria Vassli Gjære har takka ja til stillinga som avdelingsleiar kyrkjefag ved Møre bispedømekontor. Ho vil ta til i stillinga medio mai.

Theodor Halvorsen har takka ja til stillinga som kapellan i Molde domprosti med Molde domkirkes menighet som primær tentestestad. Halvorsen tar til i stillinga frå 1.august.

 

2023

Geir Sakseid er tilsett som prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti. Sakseid har Ålesund og Volsdalen sokn som primær tenestestad. 

Barbro Godø Thomassen er tilsett som prest under utdanning i Nordre Sunnmøre prosti med Geiranger og Norddal sokn som primær tenestestad. Thomassen tar til i stillinga frå 2. oktober 2023.

Claes Åge Blom Mørch er tilsett som sokneprest i Nordre Sunnmøre Prosti med Stranda og Liabygda sokn som særskilt tenestestad. Mørch startar i stillinga 01.10.2023.

Jan Kristian Behrentz er tilsett som prest under utdanning i Nordre Sunnmøre prosti med Ørskog sokn som primær tenestestad. Behrentz begynner i stillinga 1.august 2024.

Inger Marie Lillevik er tilsett som prest under utdanning i Molde domprosti, med Vågøy og Myrbostad sokn som særskild tenestestad.

Gunnar Bergem er tilsett som prest under utdanning i Molde domprosti, med Eide sokn som særlig tjenestested.

Grethe Lystad Johnsen er tilsett som domprost i Molde domprosti.

Vidar Wilhelmsen Rygh har tatt imot stillinga som prost i Indre Nordmøre prosti.

Siv Brudevoll er tilsett som rådgivar personal ved Møre bispedømekontor.

Ståle Johan Aklestad har tatt imot stillinga som sokneprest i Molde domprosti med Molde domkirkes menighet som særleg tenestestad.

Anne Marit Riste har tatt imot stillinga som prostesekretær og prostiprest i Molde domprosti.  

Kristine Myrene Bleikli har tatt imot stillinga som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med Dalsfjord og Kilsfjord sokn som særleg tenestestad.

 

2022:

Ragnhild Annie Fuglseth har tatt imot stillinga som ny studentprest i Molde og Kristiansund (50% stilling). 

Grethe Lystad Johnsen er tilsett som rådgivar misjon/kyrkjefag ved Møre bispedømekontor.

Tor Koppang har tatt imot stillinga som sokneprest i Molde domprosti med Bolsøy sokn som særleg tenestestad.

Anne-Marit Hagelund er tilsett som ny personalsjef ved Møre bispedømekontor.

Ellen Bjørnsen er tilsett som ny rådgivar for ungdom, integrering og frivillegheit ved Møre bispedømmekontor.

Solfrid Leinebø Seljås har tatt imot stillinga som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Herøy sokn som særleg tenestestad.

Joachim Haaland har tatt imot stillinga som Fengselsprest (40%)  ved Ålesund fengsel og som studentprest (50 %) ved NTNU i Ålesund.

Ruth Eva Sollie har tatt imot stillinga som studentprest (50 %) ved Høgskolen i Volda. Inntil vidare held ho fram som kyrkjelydsprest i Vartdal (50 %).

Bjørg Marie Myhre har tatt imot stillinga som sokneprest i Molde domprosti med Vågøy og Myrbostad sokn som særleg tenestestad.

David Spjøtvold har tatt imot stillinga som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg sokn som særleg tenestestad.

Toril Stendal har tatt imot stillinga som sokneprest i Indre Nordmøre prosti med Tingvoll og Straumsnes sokn som særleg tenstestad.

Knut Farstad har tatt imot stillinga som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Ikornnes sokn som særleg tenestestad.

 

2021:

Grete Lystad Johnsen er tilsett som vikar for misjonsrådgiver ved Møre bispedømmekontor.

 

Elin Næsje Sætre er tilsett som kontorleiar ved Møre bispedømekontor.

 

Kurt Vadset er tilsett som rådgiver kommunikasjon og digitalisering ved Møre bispedømmekontor.

 

Lynn Brakstad er tilsett som ny sokneprest i Ytre Nordmøre prosti med Frei sokn som tenestestad. 

 

Bjørg Myhre er tilsett som kapellan i Molde domprosti med Myrbostad og Vågøy sokn som tenestestad.

 

Tommy Høgset er tilsett som sokneprest i Indre Romsdal prosti med Hen, Eid og Holm sokn som tenestestad. 

 

Karl McAllister er tilsett som fengselsprest i 80 prosent stilling ved Hustad fengsel i Molde domprosti.

 

Anders Barstad er tilsett som ny sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti, med Sula sokn som tenestestad.

 

Anders Grytten er tilsett som ny sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Spjelkavik sokn som særleg tenestestad. 


Ola Døhl blei 7. mai tilsett som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Sande og Gursken sokn som særleg tenestestad.

 

Mirjam Håland vart 15. mars tilsett som kapellan i Søre Sunnmøre prosti med Ulstein sokn som særleg tenestestad.  Håland tek til i stillinga 1.august.

 

Tor Koppang vart  1. februar tilsett som sokneprest i Indre Romsdal prosti med sokna i Rauma som særleg tenestestad.  Koppang tek til i stillinga 1.august.

 

 
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"